Velkomen til heimesida!

Minner om at du kan vera med på
Bønesamling
tirsdagar kl.13.00-14.00 på bedehuset.

BASAR PÅ HUSNES BEDEHUS

Nok ein bedehusbasar er blitt historie, og nok ein gong ei GOD historie! For «folket» kom og fylte huset denne gongen også, med ope sinn, opne lommebøker og vippskontoar. Viktige føresetnader for ein vellukka basar!


Det starta i grunnen for fleire veker sidan, med loddsal på senteret. Fint å kunne sitje der og oppleve møte med mange hyggelege menneske som stakk bortom, og bidrog med til saman mange viktige misjonskroner, men også med godprat og oppmuntring. Og Vipps på FB viste seg igjen å vere heilt perfekt!


Stemninga på basaren i midten av november var nett som den skulle vere. Mykje godlyd av små, unge og eldre som møttes, og som tydelig sette pris på ein prat over bordet. Tre åresal med trekning av eit rikelig utval gevinstar, inkludert eigen farge for barnegevinstar, gjekk svinte for seg. Ingen «slinger i valsen» når Britt og Olaug har regien!


Jan-Ove hadde andakten for kvelden, og fekk på fasinerande vis vist kor fargerike forteljingane i Bibelen vår er. Og den lamme «papp-mannen», funka denne gongen også. Responsen frå dei minste bekrefta det!


Tre åresal tek på. Det var difor heilt på sin plass med kaffi og eit gedigent kakebord nett i etterkant. La det vere sagt: Bedehusfolket kan kunsten å lage kaker!

Like svinte som åresalet, vart bøkene trekte. Mange flotte gevinstar skifta eigar i løpet av kvelden, men om ikkje alle blei «dei heldige», har vi grunn til å tru at dei fleste gjekk heim og kjende på at «detta var kjekt»!


Og den nette sum  av ca 73.000 kroner til Indremisjonen, er vi strålande nøgde med, og er hjartans takksame til alle som kom og som bidrog!

M.L. 

ARRANGEMENT vidare...

HUSNES BEDEHUS
Bogsnesvegen 26
5460 Husnes

Her finn du oss!

Klar for dagens
1-minutts andakt
på Facebook?
>> klikk på sirkelen <<

Del denne siden